Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Formidlingsprisen 2023 til Marit Halonen Christiansen

Avdelingssjef ved kvinneklinikken, Marit Halonen Christiansen, får SUS sin formidlingspris for 2023.

Publisert 12.03.2024
En kvinne som smiler til kameraet
Marit Halonen Christiansen.

Marit Halonen Christiansen er spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar og avdelingssjef ved kvinneklinikken ved Stavanger universitetssjukehus (SUS). Ho får prisen for framifrå formidling av forsking, kunnskap og helseinformasjon, og for å bidra til ei opplyst og informert offentlegheit.

– Dette var veldig kjekt, og overraskande. Eg ser ikkje på meg sjølv som ein som er veldig flink til å formidle, men eg jobbar hardt for å få meiningane mine fram, at dei skal være forståelege for mottakaren, seier Christiansen.

Prisen vart delt ut tysdag 12. mars, av administrerande direktør ved SUS, Helle Schøyen.

Schøyen meiner Christiansen er modig og tydeleg, og god til å legge til rette for at andre dyktige fagfolk òg brukar stemma si.

– For å få et godt ytringsklima, treng vi leiarar som går føre. Marit er eit forbilde i så måte, seier Helle Schøyen, administrerande direktør ved SUS.

Med formidlingsprisen ynskjer SUS å synleggjere og heidre gode formidlarar.

– Marit er framoverlent både gjennom hyppige førespurnadar frå media – og gjennom eigne initiativ. Ho er heller ikkje redd for å ta opp utfordrande saker eller å snakke om vanskelege tema, seier Schøyen

Kunnskapsrike medarbeidarar

Christiansen har bidratt med folkeopplysning om abort, livmorhalsprogrammet og framfall. No sist inviterte ho media med på endometriose-skolen, som kvinneklinikken har starta for å auke kunnskapsnivået hos kvinner med endometriose.  

 – Eg vil gjerne bidra til å vise fram alt det gode som blir gjort i offentlege sjukehus. Derfor tek eg ofte initiativ sjølv til å informere ut om ulike tema, seier avdelingssjefen.  

Samtidig er Christiansen opptatt av at folk som kan ting betre enn ho sjølv, skal snakke om tema frå kvinneklinikken. Difor er det ofte andre fagfolk i avdelinga som uttaler seg.

– Kvinneklinikken er en gjeng dyktige folk som saman skaper avdelinga, då er det naturleg at det og viser igjen ute, seier ho.

Interne arbeidsforhold

Christiansen har òg engasjert seg i arbeidsforholda til medarbeidarane på SUS.

– Eg har ansvar for at medarbeidarane mine skal bruke tida på det dei er gode på, og sleppe mest mogleg plunder og heft. Då speler det ei rolle om dei får parkeringsplass. Parkeringsplassane blir ikkje bestemt av SUS-leiinga, difor kjende eg behov for å ytre meg om dette offentleg, slik at politikarar og andre får høyre kva dette har å bety for dei som jobbar her, seier Christiansen.

Som leiar kjenner ho eit ansvar for å ytre seg om ting som betyr noko, både for medarbeidarar og for pasientar.  

Viktig opplysningsarbeid

Christiansen har delt ope om feil ho har gjort, blant anna på pasientsikkerheitskonferansen.

– Vi står ofte i kritiske situasjonar, der ting kan gå galt. Og nokre få gonger gjer det dessverre det. Alle gjer feil. Det kostar litt ekstra å snakke om det offentleg, men på den måten kan fleire lære av feil, og det er viktig, seier Christiansen. 

Ho har og stor tru på å dele det som går bra, både internt mellom kollegaer og til omverda.

– Helseopplysning er bra for alle, å lese om kollegaer i andre deler av sjukehuset som får til bra ting er inspirerande for oss. Eg håpar at andre kan bli inspirert av det vi gjer også, eg synes det er viktig å dele med omverda, seier Christiansen.

Ho har også ei oppfordring til kollegaer på sjukehuset.

– Dersom du tenker at «dette burde nokon skrive om», ta initiativ til det sjølv. Mest sannsynleg er det mange som er interessert i å høyre om det, seier Christiansen.